Engasjer publikum

Med Amazingstudio kan du bruke heile veggen bak deg i formidlinga! Vis presentasjonar, filmar, vignettar og anna som byggjer opp under bodskapet. Send live, gjer opptak og hald konferansar med fleire deltakarar.

“The sky is the limit”.


Videomøter

Kommunikasjonen blir effektiv når ein klarer å engasjere deltakarane. Mange bedrifter har erfart at kommunikasjon med kundane har blitt veldig krevjande på grunn av reise- og møterestriksjonar. Korleis skape gode presentasjonar og møter når vi ikkje kan treffast ansikt til ansikt? Gode «sendarforhold» er ein god start.

Presentasjonar

Fleire faktorar påverkar brukaren si oppleving av nettmøter. Lydkvalitet, lyssetting, blikkontakt og kroppsspråk verker inn på deltakaren sitt fokus og energi. Kommuniser betre med levande og menneskelege presentasjonar. Med vårt sjølvbetente studio kan du vere ein integrert del av presentasjonen, og få betre kontakt med ditt publikum.

Konferanser

I AmazingStudio kan ein bruke heile veggen bak som forsterking i formidlinga. På denne kan ein vise presentasjonar, filmar, vignettar og logoar som byggjer opp under bodskapet. Ein kan sende live, og/eller gjere opptak av produksjonen. Skal ein arrangere eit digitalt event med fleire bidragsytarar, bør nokon ta hand om den tekniske produksjonen og sendinga.

Styremøter

Eit godt fungerande styre er ein ressurs for bedrifta. Nye forskrifter tillet at styrearbeid kan skje ved hjelp av elektroniske hjelpemiddel. Dette sparar bedrifta dyrebar tid og reisekostnader utan å senke kvaliteten på styrearbeidet.

Undervisning

Webinar er samhandling, undervisning og opplæring via videokonferanseverktøy. Webinar kan føregå når som helst og kvar som helst, og bidreg til auka tilgjengelegheit. Webinar opnar også for praktiske løysingar som ikkje er like tilgjengelege i fysiske møter, som hurtig inndeling i samarbeidsgrupper, deling av filer og integrering av eksterne digitale verktøy. I eit webinar får alle deltakarne eit likeverdig tilbod, uavhengig av kvar dei er.

Sal og markedsføring

Få fram bodskapet ditt med meir kjensler og autentisitet i presentasjonar og filmar. Sal handlar om å skape relasjonar, tillit og begistring hos eksisterande og potensielle kundar. Gjennom menneskeleg nærvær i salsarbeidet oppnår ein betre kontakt og høgare truverd. Med AmazingStudio kan du sende live eller ta opp videoar som får selskapet til å framstå profesjonelt og framoverlent.

Podcast

I AmasingStudio finn du alt du treng for å leve ut draumen som radiovert, lage din eigen podcast eller spele inn lyd til andre formål, til dømes lydspor på video.