Eit komplett studio

Amazingstudio er ei brukarvenleg plattform for digital kommunikasjon. Studioet består av ei komplett utstyrspakke som er montert og klar til bruk på Fosshaugane Campus. Vi tilbyr også opplæring i bruk, medietrening og har full supportavtale.

Ver ein del av presentasjonen

Korleis skape gode presentasjonar og møter når vi ikkje kan treffast ansikt til ansikt? I smartstudioet kan du vere til stades i presentasjonen med både ord og kroppsspråk, noko som gjer den meir ekte og truverdig. Å vere tilstades på naturleg og menneskeleg vis i presentasjonen, skapar engasjement og fokus hos sjåarane.

Utstyret i studiopakken

AmazingStudios Tower er opptakseininga, CommuRoom Illusion er støtteskjermar for den som presenterer. I tillegg følgjer det med CommuRoom Table, som er eit praktisk podium til PC, mobil eller anna eining som styrer showet.

Spesifikasjonar

Studiopakken

Amazingstudio består av Tower, Illusion og Table. Tower er opptakseininga, Illusion er støtteteknologi for å kunne køyre gode presentasjonar. Table er det praktiske bordet som har plass til PC, smarttelefon eller anna utstyr som styrer presentasjonen. Bordet har hol og oppheng til kablar, og kan rullast. I pakken er det kamera og to mikrofonar.

Lyd, bilde og kompabilitet

Studioet leverer bilde med FHD oppløysing og lyd av høg kvalitet. Løysinga er software- og plattformnøytral, dvs. ein kan sende på vanlege plattformer som Teams, Zoom, Google, Skype, Webex, m.m. Bruk av vanlege program som Powerpoint, Word og nettlesarar gir låg brukarterskel. Smartstudioet kan nyttast saman med PC, Mac, mobiltelefon, nettbrett og kamera.

Support

Skulle det oppstå eit problem medan du er i studio, kan du ta kontakt med support. Du vil få hjelp av våre ekspertar til tekniske utfordringar og spørsmål rundt.

Opplæring i studio

Før du ter i bruk studio, vil du få ein gjennomgang av våre superbrukarar. Dei vil gi ei innføring i praktisk bruk, og gjer deg i stand til å bruke alle funksjonar og kome i gang med produksjon av innhald. Etter opplæringa kan du enkelt styre studioet aleine.